- KLART EG BRUKAR VERNEBRILLER
 
 
 


Anne Gyllensten tek vare på augene i det daglege arbeidet.

Anne Gyllensten tek vare på augene i det daglege arbeidet.
[2008.02.06]
- KLART EG BRUKAR VERNEBRILLER

– Vernebriller er ein naturleg del av verneutstyret eg tek på når eg skal jobbe. Eg ser berre fordelar med å bruke dei. Brillene er ei enkel forsikring mot augeskadar som kan få store konsekvensar, seier Anne Gyllensten i Ulstein Elektro. Over nyttår vart det innført påbod om bruk av vernebriller, og Anne trur fleire vil sjå nytta av vernebriller når dei vert tekne meir aktivt i bruk.

Frå måndag 7. januar 2008 fekk Anne følgje av resten av Ulsteinkonsernet, ettersom det då vart påbode å bruke vernebriller i dei fleste produksjonsområda i konsernet. Anne fortel at ho byrja å bruke vernebriller fordi ho som elektrikar jobbar mykje ute på seksjonar i dårleg ver, og når det bles fekk ho mykje rusk i auga. Det slepp ho no.
 
– Eg har også fått kabelendar innpå auga, og torer ikkje lenger ta sjansen på at det skal gå bra kvar gong, seier ho, og legg til at ho undrar seg over kvifor ikkje alle brukar vernebriller.
 
– Dagens vernebriller har antidogg, UV-vern og ergonomisk utforming. Og så er dei ganske kule også, reine designbrillene, smiler ho, og samanliknar det å bruke vernebriller med å bruke bilbelte.
 
– Det er eit enkelt tiltak som gjer situasjonen mykje sikrare. Folk protesterte då bilbelte vart påbode også, men no er det vel ingen som ikkje ser kor viktig dette er.
 
Tenk sikkerheit
– Vi må gjere alt vi kan for å ta vare på kvarandre, for vi treng alle på jobb. Auga er svært sensitive og utsette for skadar, og slike skadar kan få store konsekvensar for den enkelte. Vi har berre to, og reservedelar eksisterer ikkje, seier HMS-inspektør Grete Lund i Ulstein Verft. Ho fortel at det er registrert 65 augerelaterte skadar eller hendingar hittil i år, men trur at talet truleg er høgare, då mange ikkje søkjer hjelp, men tek hand om dette sjølv.
 
– Å bruke vernebriller bidreg til å redusere talet på skadar som fører til kortare eller lengre fråvær. Det handlar om å tenke sikkerheit i alt vi gjer, seier ho.
 
Hjelm og vernesko har lenge vore påkravd som personleg verneutstyr. No blir altså vernebriller også ein del av dette utstyret. Det er ikkje alltid den som er direkte involvert i ein arbeidsoperasjon som får augeskadar, det kan vere kollegaer rundt eller tilfeldige forbipasserande. Difor gjeld påbodet for alle, også besøkande. Det vil bli hengd opp kart over kva soner vernebrillepåbodet gjeld for ved alle dører og portar.
 
Kundane forventar det
Kundane våre forventar også at vi brukar vernebriller, understrekar Grete Lund.
– Vi er heilt i fremste rekkje innan vår industri, og det er uforståeleg for kundane våre at vi ikkje brukar vernebriller i Ulstein. Bruk av vernebriller er i ferd med å bli heilt sjølvsagt i vår type industri, fortel ho.
 




Grete Lund trur auka bruk av vernebriller vil redusere skadar.

Grete Lund trur auka bruk av vernebriller vil redusere skadar.
 
 
 
  NEWS                                                                       RSS news feed available
 
 
  NEWS IN NORWEGIAN
 
 
  ULSTEIN TODAY
 
 
ULSTEIN I DAG
 
 
  MEDIA ABOUT ULSTEIN
 
 
 
[2008.02.06]
- KLART EG BRUKAR VERNEBRILLER
[2008.02.06]
”TRE VISE MENN” PÅ JOBB I NINGBO
[2008.02.06]
STOR SPENNVIDDE I ULSTEIN ELEKTRO
[2008.02.06]
SPANANDE TIDER I TYRKIA
[2008.02.06]
JOBBAR FOR ULSTEIN-STANDARD
[2008.02.06]
TUZLA VERFTSSONE: MARITIM KLYNGE I VEKST
[2008.02.06]
SAMARBEID MED ZALIV: STOLTE OVER Å BYGGE ULSTEIN X-BOW®
[2008.02.06]
TAVLEVERKSTADEN: OPPDRAGA AUKAR
[2008.02.06]
OLYMPIC TRITON: - OPPFØRER SEG FINT
[2008.02.06]
HANNE SATSAR PÅ SKIPSINDUSTRIEN
[2008.02.06]
ULSTEIN ELEKTRO OG NORTH CAPE MINERALS: GJENSIDIG TILLIT GJENNOM 20 ÅR
[2008.02.06]
TEL NED TIL EIKSUNDSAMBANDET
[2008.02.06]
ISLAND PIONEER EIT TOPP FARTØY
 
 



ALL RIGHTS RESERVED BY THE ULSTEIN GROUP 2006                DESIGN BY FUGLEFJELLET.NO

StartpageAboutNewsDownloadsJobs & Careers