List - MORE STORIES
 NORSK
 List - NEWS IN NORWEGIAN

 
 FØRSTE ULSTEIN X-BOW® FARTØY BYGD I UTLANDET SJØSETT
 
 
 


Det første ULSTEIN X-BOW-fartøyet bygd i utlandet vart sjøsatt 3. juni.

Det første ULSTEIN X-BOW-fartøyet bygd i utlandet vart sjøsatt 3. juni.
[2008.06.13]
FØRSTE ULSTEIN X-BOW® FARTØY BYGD I UTLANDET SJØSETT

WesternGeco sitt første av seks fartøy med ULSTEIN X-BOW® vart sjøsett frå Barreras-verftet i Vigo, Spania tysdag 3. juni. Barreras-verftet skal bygge fire fartøy av ULSTEIN SX124-designen frå Ulstein Design.

Dette er det første av 12 fartøy med ULSTEIN X-BOW® som er under bygging ved utanlandske verft i Kina, Spania og Dubai. WesternGeco har også to fartøy av same designen under bygging ved Drydocks World i Dubai.
 
- Eg har fått fortalt frå reiarlaget at det var ei vellukka sjøsetting der skipet gjekk fint i sjøen frå beddingen, fortel prosjektleiar for Ulstein Design Mikal Marø Warholm, som om kort tid kan sjå fram til at skip nummer to vert sjøsett.
 
Warholm fortel at Ulstein Design hadde ein relativt tøff start på prosjektet med kort tid til utarbeiding av engineeringsunderlag. Kort tid etter byggingsoppstart vart også reiarlaget Eastern Echo kjøpt opp, og det vart mange nye folk å forholde seg til.
- WesternGeco er eit profesjonelt reiarlag som er verdsleiande innan seismikk, og dei har tilpassa skipa etter sine erfaringar. Det har difor kome ei rekkje endringsordrar på desse skipa. Men verftet har gjort ein god jobb, og dei har meldt tilbake at skip med ULSTEIN X-BOW® er lettbygde skip, fortel Warholm.
 
Warholm er prosjektleiar for dei fire fartøya av typen ULSTEIN SX124 i Spania og dei to av same design i Dubai.
Ulstein Design har selt over 60 design sidan etableringa i 2002.




Det første av dei seks ULSTEIN SX124-fartøya til WesternGeco vil få namnet WG Columbus.

Det første av dei seks ULSTEIN SX124-fartøya til WesternGeco vil få namnet WG Columbus.
 
 
No documents found




COPYRIGHT 2013 - ULSTEIN GROUP ASA - NO-6065 ULSTEINVIK - NORWAY - TEL: +47 7000 8000 - E-MAIL: GR@ULSTEIN.COM