Trebåtfestivale trekte mykje folk og den flotte x-bow modellen skilte seg godt ut i menga av båtar som var til stades laurdag. Det var sjølvsagt også tid til nokre høgst uhøgtidelige sjøprøver. Båten synte som venta særs gode eigenskapar i møte med bølger og sjø. Born og vaksne fekk vere med på tur og det vart delt ut Ulstein-sjokolade.